Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 9 av 9 sitater

Eg ville gjerne tru på det eg sa, men eg visste at det ville ta dagar og kanskje veker før eg kom opp igjen, så eg greidde det ikkje. Ikkje no heller, det visste eg, ho kjente meg altfor godt. Ho fortsette å stryke meg over håret. Eg kom til å tenke på naboparet som leigde ut leilegheita si og flytta til Tanzania i eit år. Eg såg for meg at eg og Turid gjorde noko liknande, at vi braut opp og tok ein pause frå livet vi hadde her. Eg begynte alltid å fantasere om slike ting når eg hadde det slik eg hadde det no. Når ein føler seg makteslaus, får ein behov for å ta store val, tenkte eg, ikkje nødvendigvis fordi ein ønsker dei endringane valet fører med seg, men fordi ein vil kjenne på korleis det er å bestemme over seg sjølv. Fordi ein vil kjenne seg fri.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Etter ei lita stund opna baren, og rett etter det igjen kom bandet på scenen. Dei hadde fått beskjed om å spele "litt for ein kvar smak", og dei trudde sikkert at det var det dei gjorde når fire av dei fem første låtene var Creedence-låtar.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Norge, verdas rikaste land, tenkte eg, å gå til grunne her er som å drukne i ein søledam. Eg prøvde å le, men eg fekk det ikkje til. Det var for sant, det var akkurat slik eg følte det, som om eg drukna i ein søledam.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

For biologisk sett er vi omtrent det same dyret vi var for hundre tusen år sidan, den gongen vi levde i små flokkar på den afrikanske savannen. Hjernane våre er strukturerte og fungerer slik dei gjorde den gongen, vi forheld oss til og handlar i verda som om vi var ein flokk jegerar og samlarar på evig leiting etter mat og tryggleik til oss sjølve og våre nærmaste, og sjølv om det ikkje går ein dag utan at vi hører og les om klimakrisa og alt ho fører med seg, er vi ikkje i stand til å ta krisa innover oss, ikkje før det er for seint, tenkte eg.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

...dei var så snille, alle var snille heile tida, eg skjønte ikkje kor eg skulle gjere av raseriet mitt når alle var så snille.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Eg drømte at eg stod opp tidleg på morgonen, kledde på skyggen min og sende han ut blant folk.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Du er i ferd med å bli psykotisk, Terje, tenkte eg, men eg visste at det var berre ønsketenking, eg var ikkje i stand til å flykte inn i ein psykose, eg satt fast i meg sjølv.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Ho heldt ikkje ut fem minutt i same rom som ein glad person før ho begynte å justere stemninga ned dit ho ville ha henne.

Godt sagt! (13) Varsle Svar

Det at artar døyr ut, er jo ein heilt naturleg prosess, det er noko som har skjedd sidan livet oppstod, og det er noko som vil skje så lenge det er liv på planeten. Men det er to ting som er heilt spesielt med den tida vi er inne i. Det første er at artar døyr ut fleire hundre gongar fortare enn det som er naturleg. Etter at dei første landplantane dukka opp for 450 millionar år sidan, har det vore berre fem masseutryddingar på jorda. Og no er vi inne i den sjette. Dette skjer mens vi sitt her og snakkar, rett utanfor vindauget her, i og rett utanfor byen vår, i Bymarka, langsmed Ladestien og i Tronheimsfjorden, folk er berre ikkje klar over det. Det andre som er spesielt, er årsaka til utryddinga. Det at det ikkje er verken supervulkanar eller meteorittar, men ein av artane sjølv, altså vi, menneskedyret, som står bak katastrofen. Og så må vi naturlegvis spørje oss kvifor vi gjer det, kvifor øydelegg vi det vi veit at vi ikkje kan leve utan? Og hva slags rett har vi til å gjere det?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Jarmo LarsenChristoffer SmedaasEllen E. MartolMonica CarlsenBjørg L.Tove Obrestad WøiengretemorCarine OlsrødAud- HelenPiippokattaGrete AastorpAnne-Stine Ruud HusevågKristine LouiseBerit B LieOlemgeWencheDressmyshelfRisRosOgKlagingMarit HåverstadLisbeth Marie UvaagReidun Anette AugustinHarald KBeathe SolbergAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBjørn SturødTheaAnn ChristinPilarisKjerstiVigdis VoldCathrine PedersenTanteMamieSolveigAvaAnne Berit GrønbechMarianne  SkageMartinMorten BolstadJan-Olav SelforsHeidi