Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
når ein er oppvaksen med vald og sex, den driten der, så skal ein sone heile tida
ein skal forsake djevelen og forsøke å bli god igjen
men det orkar eg ikkje. drive ut djevlar.
eg har betre ting å ta meg til enn å forsøke å bli fin
det interesserer meg ikkje lenger fordi
1) det er så utmattande og kjedeleg
2) det er umuleg
du er nøyen med sminka før vi skal på eit skulearrangement
gløym det
berre gløym det
der er ingen grunn til å vere vennleg mot dei uvennlege
gløym det
det er ingen som har rett til å krevje av deg at du er vennleg mot dei uvennlege