Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Ein mann som er stolt nok til å ramma inn skyttarlagsdiplomet sitt frå Heimevernet, men ambvivalent nok til å hengja det på do, kjøper neppe James Bond romanar.
Filmane førte (James) Bond ut til det verkeleg store publikummet, men i botnen låg det romanar. Det var skapte av forfattaren Ian Fleming, som skreiv 007 -serien med ein finger rett på den hamrande kaldkrigspulsen. Han begynte på den første Bond-boka i 1952, og sende helten sin på reiser i eksotiske strøk og miljø langt borte frå mitt vesle miljø på Kyrkjevoll, i Lønningsåsen, på Hodnaland og i Sæ - men likevel: Kunne nøklar til oppvekstklimaet mitt likevel finnast i dei spenningsmetta romanane om agenten som hadde rett til å drepa ?
Då interiørinteressa for norgesglas nyleg tok seg opp, hadde dei vore ute av produksjon siden 1978. Etterspurnaden dabba vel av i takt med husmorsamfunnet, men under den tyske okkupasjonen må produksjonen ha gått så det klirra. Hadde norgesglasa nokon gong hatt sin glansperiode, må det ha vore då, for i utgangspunktet var det ikkje angst knytt til norgesglasset. Snarare tvert om. Særleg under krigsrasjoneringa må synet av dei ha skapt ei god ro. Særleg om det var mat i dei.