Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 6 av 6 sitater

NATTHIMMEL: Natta skremmer deg ikkje, søvnen tar deg lett. Får du ikkje sova, ligg du på rygg under takvindauget. Tar deg tid. Over senga di seglar måkene mjukt, blottar bryst av sølv i lyset frå byen. Dei gir ikkje lyd om natta, men helsar likevel frå ei større verd. Vinterstid ser du stjernehimmelen dersom vêret spelar på lag. Karlsvogna på snei, frosen fast ei freda stund i glasramma over hovudet ditt. Til alle tider har menneska sett på dei same stjernene. Gitt rom og planetar namn. Peikt ut stjernemønster til eit barn og følt same ro som deg. Når ingenting anna hos deg er konstant, ankrar du dette tidlause tungt i mellomgolvet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

BLODPRØVEN: Etter tretten år med kreft og kontrollar har du lært deg å samarbeida. Tar ikkje plass, stel ikkje tid. Ansikt til ansikt tappar dei blodet ditt, pust mot pust, men likevel så fjernt. Du har vent deg til det. Dei fyller sine glas, ryddar rutinert og snur seg bort mot skjermen. Sender deg eit ha det over skuldra når du går. Men i dag, for aller første gong, møtte du ein som stoppa tida for ei stund. Ein som trekte ermet ditt ned, like varsamt som ein far kler på eit barn. Som såg deg inn i auga og sa lykke til. Gav deg luft i lungene og letta dine steg. Du visste ikkje kva du sakna før du fekk det.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

TANKEKRAFT: Det må vera godt å kome seg ut, får du høyra. Sleppa å gå heime, gå aleine med tankane. Men tankane ligg ikkje heime. Eller ute. Eller på sjukehuset. Dei finst i deg sjølv, der du er, og du følger dei til endes. Er takksam for at du klarer å vera aleine, heime, ute, på sjukehuset, utan at dei et deg, eig deg, endrar den du er. Det er ei gåve at du har det slik. At tanken er ei kraft i motgang, ei bot for mismot, ei spire til lått og liv.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

NÆRE PÅ: Det siste som fer er sjela, det er du viss på. Hugsar godt komplikasjonen, så uventa og brå. På sjukehuset sprang dei med deg gjennom gangane, organa dine styrte mot kollaps. Rundt deg jobba stadig fleire kunnige, sleit med å berga kroppen din den natta. Snakka til deg innimellom, men du hadde ingenting å svara med, hadde din eigen jobb å gjera. Oppreist stod du i ditt indre, all kraft sala i éi retning, éin einaste dirrande vilje. Om alt anna skulle bresta, veit du no, det siste som fer er sjela.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

ETTER DIAGNOSEN: Ei veke får du får operasjonen, før sjukehuset skal eiga deg med kjøt og hud og hår. Kva bruker du tida til? Eitt veit du, her blir det trong for skriving. Kan ikkje tenka utan, ikkje hugsa eller forstå. Til den beste butikken går du, kjøper den finaste boka, det skal vera godt å skriva om dei vanskelegaste ting. Sidan er bok etter bok skriven ut.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

TRASS: Trettisju år gamal blei du kreftpasient. Ei stund skumma du dødsannonsane dagleg, såg om nokon var fødde i ditt eige unge år. Stoppa alltid opp ved dei som i diktform tok avskjed. Lét deg røra av andres velvalde farvel. Din eigen annonse har du no, tretten år etter, sjølv no, med endeleg beskjed, enno ikke utforma. Det er då noko.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Britt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingIngunn SAmanda AHanne Kvernmo RyeEgil StangelandHarald KReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangStig TAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaKirsten LundJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrldMarit HøvdeTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardTor-Arne JensenTine Victoria