Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 5 av 5 sitater

1

eg går inn på kaféen
trampar av meg slaps
våt snø i håret
du kan vera
alle her inne i lokalet
tenkjer eg
for alle sit med ryggen til
ved kvart sitt bord
som ein svart/kvit film av Fellini
eller Alain Resnais
der alle røyker og
blar i kjempestore aviser

men det kan du ikkje
for vår forteljing startar no

me skriv fyrste scene saman
me hugsar det som ikkje finst endå

alt lyset som gøymer seg inne i skogen, treet sine
inste tankar

du snur deg

av alle historier
vert denne

vår

Godt sagt! (1) Varsle Svar

33

vil eg nokon gong gjera mot deg
det du gjer mot meg

du som riv meg laus frå verkelegheita
som ei godsvogn

rullande nedover i full fart
mot den glitrande

byen

Godt sagt! (2) Varsle Svar

40

at
mor mi vaska huset kvar dag

det kunne verka som om ho
gjorde det for å sleppa tenkja på det ho
ikkje ville tenkja på
at ho prøvde å skura vekk flekkane
som hadde festa seg til livet

som liten gut sovna eg til
støvsugaren sin klagesong i etasjen under
eller ulven i heimen som bror min kalla dyret
det som trufast fylgte etter mor mi
overalt i huset

til slutt sa far min
me kan ikkje ha det slik lenger
snart kastar eg inn handkledet

ikkje på golvet
svarte mor mi
og vaska han ut av huset

eg vil berre at du skal vita det

Godt sagt! (2) Varsle Svar

43

at
dersom du er ledig
vil eg booka deg frå no og
framover
nei, eg treng ikkje avbestillingsgebyr
treng berre ei stadfesting
på at du har motteke
henvendelsen og
at du er den du seier du er

den som dreg sommarfuglar ut av mine drakar

Godt sagt! (2) Varsle Svar

54

i dag tidleg høyrde eg på radioen at fleire bilar hadde
sklidd inn i kvarandre på Hardangervidda

på min vinterveg kjedekolliderer kjenslene når du brått
dukkar opp i mitt køyrefelt

du lasta med lyse dagar glade

smeller inn i frontallappen som ein morosam tanke eg
lenge har gløymt å tenkja på

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Grete AastorpAnne-Stine Ruud HusevågKristine LouiseBerit B LieOlemgePiippokattaWencheDressmyshelfEllen E. MartolRisRosOgKlagingMarit HåverstadLisbeth Marie UvaagReidun Anette AugustinHarald KBeathe SolbergAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBjørn SturødTheaAnn ChristinPilarisKjerstiVigdis VoldCathrine PedersenTanteMamieSolveigTove Obrestad WøienAvaAnne Berit GrønbechMarianne  SkageMartinMorten BolstadJan-Olav SelforsHeidiIngeborg GLeseaaseTonje SivertsenJakob SæthreGro-Anita RoenKirsten LundStig T