Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Leidi for min lagnadsveg
let seg ikkje gissa;
best er livet òg, trur eg,
utan slik ei vissa.
Røyk frå stover stig mot sky,
still ligg grendi, lauga:
vinden blæs i bleike gry,
blomar let opp auga.
(Kristinn Bjarnarson, frá Ási i Vatnsdal)
Arg han går sin eigen veg
utan lag ved sida,
men han kanskje meir enn eg
med seg sjølv må strida.
(Sigurđur Breiđfjörđ)
Ovundring og age vil
i meg vekkja jamt og tett
dei som aldri er i tvil
og alltid veit kva som er rett.
(Kristján Ólavson)