Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Viss du begynner å dyrke lidinga di, kjem du aldri til å forstå.
Det er forbausande kor lite vi veit om andre menneske, sjølv dei vi deler alt med.
Du er no, i dag, du må klamre deg fast til i dag, ikkje gjere retrett, ikkje miste deg sjølv, halde deg samla. Og framfor alt: Ikkje mist deg sjølv i distraherande eller fordømmande eller rasande monologar. Slett utropsteikna. Han har gått sin veg, du er framleis her.
Suksess handlar om evna til å manipulere det opplagde med kalkulert presisjon.
Fornufta og minnet hadde begynt å skale av, ei altfor langvarig smerte kan føre til det.
Han forsvarte seg og sa at han hadde kjent eit plutseleg tap av meining.
(...) eg hadde gått sund for alltid. Ei øydelagd klokke, men med eit metallhjarte som framleis tikka og derfor slo sund tida til alt omkring seg.
For kva er ansiktet og huda anna enn eit dekke, ei forkledning, eit pudder som skjuler skrekken for vår verkelege natur.
(...) frå og med eit visst tidspunkt er framtida berre behovet for å leve i fortida.
Kva kunne eg eigentleg gjere, eg hadde mista alt, alt av meg sjølv, ugjenkalleleg.