Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
På dagtid ville Gregor av omsyn til foreldra ikkje lenger visa seg ved vindauga, han kunne nesten ikkje krypa ikring på dei par kvadratmetrane med golvplass, det var vanskeleg å liggja roleg om natta, maten gav han ikkje lenger den minste glede, og som tidsfordriv la han seg difor til vanen å krypa på kryss og tvers over vegger og tak. Særskilt oppe i taket hang han gjerne, det var heilt annleis enn å liggja på golvet, ein pusta friare, ei lett svinging gjekk igjennom kroppen, og medan han heldt på med dette nesten lykkelege tidsfordrivet der oppe kunne det henda at han til si eiga overrasking sleppte seg og deiste i golvet.