Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 3 av 3 sitater

Hunden han hadde denne tida, heitte Leo og var reint som en pave, sa Benedikt. Sauen bar namnet Knasten av di han var så hardfør.
No hadde desse tre vore uskiljande i slike utferder fleire år, etter kvart kjende dei kvarandre som kanskje er mogleg einast mellom heilt ulike dyreslag, der ingen skugge av eige sjølv, eige blod, eigne ynske eller hækne forvillar eller formyrkjer.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

[…] ei ufattelig og useieleg lovnadsfull stille – advent. Advent! ja ... Benedikt tok ordet varsamt i sin munn, dette store, stille, forunderleg framande og på same tid heimlege ordet, for Benedikt kanskje det heimlegaste av alle ord. Rett nok visste han ikkje så nøye kva det tydde, men det låg von i det, forventing, førebuing – så mykje forstod han. Med åra hadde dette eine ordet kome til å fylle så å seia heile livet hans.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Folk lever livet på mange måtar. Sume talar, andre teier. Sume lyt ha folk ikring seg støtt for å like seg, andre er ikkje like seg om dei ikkje er heilt einslege, i alle fall innimellom. Benedikt var elles ikkje folkestygg. Men på adventsvandringane sine hadde han vant seg frå fylgje av folk, for dei trøytta han så gjerdlaust med bygdaprat heile utlange dagen, slikt sømde seg ikkje her inne mellom fjella. Fullt så gale hadde det ikkje vore i yngre år. Han merka at han aldrast. Kvar var freden og den store stilla frå sundagen? Kvar var vonene? Kvar var trøysta og tryggleiken? Var det verkeleg berre fem netter sidan? Eller kva var det han sa: var det verkeleg alt fem netter sidan? For så skulle han no snart ha vore heime att - om alt hadde gått som det skulle. Og her låg han, like utsliten som kletufsene sine. Ein fillefrans, både utanpå og inni. Akk ja, tida går, ein er ikkje ung lenger.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Egil StangelandHarald KBertyAnneWangLaddenVannflaskeBård StøreHeidi HoltanHegeTatiana WesserlingKirstensveinIda SLars MæhlumEmil ChristiansenAud Merete RambølGodemineMarteEivind  VaksvikLinnCathrine PedersenFinn Arthur JohansenMads Leonard HolvikVibekeEirin EftevandCarolineErlend Rødal VikhagenmarithcJohn LarsenHallgrim BarlaupTor-Arne JensenPia Lise SelnesPiippokattaReidun SvensliIna Elisabeth Bøgh VigreAneSverre HoemKarin BergGrete AastorpAstrid Terese Bjorland Skjeggerud