Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 2 av 2 sitater

Skulestart

eg deler og gongar
plussar og trekkjer frå
les om fjerne kongerike
keisaren og hans nye klede

men blant blyant og linjal
rim og regler, brøkar og
likningar, der dansar
villjentehjartet mitt

sjå på meg, seier det
eg er ute av skogen
no er eg overalt

vesle ville hjartet mitt
bustete, skrukkete, skite

vil ikkje høyre på meg
gjer berre grimasar om
eg snakkar alvor til det

himlar med auga
snur på hælen
flirer og ler

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Vondt hjarte

vil inn til deg

men du ser ikkje på meg
snakkar ikkje til meg
smiler ikkje til meg

så finst eg ikkje meir

noko var her, no er det borte

no er alt berre stille og grått
stille og grått

neste gong kjem ikkje

og ballen som steig
mot himmelen og
fall mot grusen

han ligg i buskane

gøymd og gløymd
som eg

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Kine Selbekk OttersenMcHempettStig TIngunn SLailaVioleta JakobsenHarald KKirsten LundAndreas BokleserPi_MesonBenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingAmanda AHanne Kvernmo RyeEgil StangelandReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrld