Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Ungtaustene mognar når dei kjem i lag med jamnaldringar
-- Ikkje meir enn seks barn! sa ho, og no merka han at det var fortviling i stemma hennar.
-- Det vil tida vise, sa Eilert.
-- Vil du vite korleis det er med mor? ropte ho.
-- Eg vil gjerne vite korleis alle i familien din har det, sa han.
-- Mor både skit og pissar på seg, fordi ho har sett tolv barn til verda.
Eg vil kjøpe meg ei pipe! snøvla han. - Kvar får eg kjøpt ei pipe? Eg vil bli piperøykar!
..., men når nauda var stor, fekk ein ty til gamle svartekunstar. Det var i alle fall ikkje råd å la det vera ugjort.
Ho såg på han, og det var stille ei lita stund mellom dei. Så gjekk ho bort til han og slo armane om han.
-Kva er det?
-Eg er litt redd.
-Kva er du redd for?
-Alt som vi enno ikkje veit, og det livet vi enno ikkje har levd!
-Du treng ikkje vera redd for livet du som har meg, sa Eilert.
-Nei, eg har jo deg, sa ho.
-Driv du og kysser dotter mi?
-Det kan eg ikkje nekte for, sa Eilert.
-No må de finne ut når de kan gifte dykk, sa Knut Lyseng, -slik som dette kan det ikkje halde fram.
-Da kornskurden var ferdig gifte Boas seg med Ruth, sa Eilert.
-Ja, da vil eg seia den 6. november, for seinare enn den 1. november må det ikkje stå korn ute, sa Lyseng, -og da har du nokre dagar å områ deg på.
-La oss reise heim igjen.
Men Gertrude, mora, svarte han: -Vi har ikkje nokon heim.
Slik var det for dei som hadde brote opp, det fanst ingen veg tilbake, berre framover.
Korleis skulle dei innrette seg? Det var berre ein sengebrisk, og der kunne dei ikkje ligge saman. Eller kunne ein det? Er det ikkje slik at nauda bryt alle lover?
Han hadde lagt bak seg dei draumane som ikkje var hans eigne. Men det var også noko som sa at han var komen til kort og aldri kunne bli den han helst ville vera.
Ein får elske den ein kan få, sa ho og gret igjen.