Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
I USA har Det nye høgre og Tea Party-rørsla hatt ubegripeleg framgang blant fattigfolk som har alt å tapa, materielt sett, nettopp på politikken til Det nye høgre.
Som kjent fall Berlinmuren vestover, i hovudet på mange venstreintellektuelle, som sidan har rava rundt i omtåka tilstand.
Kinesiske dissidentar får Nobels fredspris, amerikanske dissidentar livsvarig fengsel, eller blir jaga til verdas ende, medan den amerikanske fredsprisvinnaren fører krig over heile verda.
På eit kontor i presidentpalasset i hovedstaden til vår største allierte kan ei gruppe menneske, utan norske protestar, vedta kven førarlause fly skal ta livet av ein stad i verda den kommande veka.
Innanfor den herskande mediale diskursen kunne ein norske forsvarsminister seia at norske pilotar har "levert prestasjoner i verdensklasse" etter å ha bomba eit land utan luftforsvar 588 gonger og ført Libya tilbake til anarki og borgarkrig, etter å ha - saman med NATO - opna vegen for IS og den største flyktningkatastrofen sidan andre verdskrigen, alt som ledd i påstått demokratisering og nasjonsbygging.
Å gå i teater er meir tvilsamt, der kan det framleis henda at tilskodarane blir utsette for meningsfullt innhald. Og det virkar alltid forstemmande på eit feststemt publikum.
Denne boka tar opp alvorlege emne. Skulle eg likevel komma i skade for å underhalda nokon, får lesarane prøva å ta det med godt humør.