Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
( Per Steinar Runde omtaler ) :
Når Anfindsen .. definerer det han ser som ulike typar fundamentalisme,
skriv han berre to sider om høvesvis kristen, islamsk
og islamofobisk fundamentalisme,
men heile tretten om «humanistisk» fundamentalisme.
Det gjev ein peikepinn om vektlegginga.
Sjølvsagt er det ikkje grunnleggjande menneskerettar han har noko
i mot, men ein humanisme som ikkje set grenser for innvandring
eller stiller krav til innvandrarar om å tilpasse seg kultur og
normer i landet dei har kome til.
Men mest kritisk er han til dei som nektar for fakta,
og politikarar og media som hindrar informasjon og rettkomen kritikk
av ugjerningar gjort av innvandrarar.
Særleg er han skeptisk til antirasistiske organisasjonar som berre
ser trakassering retta mot innvandrarar og ikkje rasismen retta mot
andre innvandrargrupper eller mot nordmenn.
I kapittel tre skriv Anfindsen om dei utfordringane vi står overfor som
samfunn. Og det handlar ikkje om kristen fundamentalisme,
men om den muslimske og mangelen på sann og ærleg omtale av denne.
Når Obama seier at «ISIL ikkje er islamsk» og Cameron kallar islam
«ein fredens religion», er det rett og slett ikkje sant (..)
«Og dessverre er det ikke slik at ekstremistene utgjør en forsvinnende
liten minoritet av muslimene
(noe en del journalister og politikere stadig forsøker å trøste seg/oss
med).
Sannheten er at ekstremistene utgjør en stor minoritet; stor nok i
massevis til å kunne påføre resten av verden enorme mengder død,
lidelse og problemer.
Med et skremmende potensial for økt oppslutning i årene som kommer….
Det er på tide å snakke sant om de utfordringene fundamentalistisk
islam stiller oss overfor.
Det motsatte er ikke bare et svik mot storsamfunnet –
det er også et svik mot våre muslimske brødre og søstre,
som man i så fall gjør en bjørnetjeneste.» (boksitat)
For ytringsfridom og mot multikultur
Nesten like skarp er Anfindsen mot dei som vil innskrenke ytringsfridom
og demokrati. Han nemner konkret kronikken «Uakseptable ytringer»
av Vetlesen, Ishaq, Bangstad og Hylland Eriksen i Aftenposten frå
august 2011,
samt politikarar og antirasistar som prøver å kneble folk ved å
karakterisere legitime synspunkt som hatefulle
og som påstår at sjølv grunngitt kritikk skriv seg frå hat
mot dei den er retta mot.
(utdrag fra Rundes grundige omtale av Anfindsens skrift, kan leses her )