Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 10 sitater

No byrjar livet, seier ho
No seglar me inn i livet, seier han

Godt sagt! (5) Varsle Svar

og så seier dei ikkje noko og alt er avgjort og det er ikkje noko som korkje skal eller bør seiast, alt er likevel sagt og alt er likevel avgjort

Godt sagt! (3) Varsle Svar

så legg han armane sine kringom Alida og så held han henne inntil seg og så sit dei der og kjenner på kvarandre og dei kjenner at dei høyrer det same og dei kjenner at dei no svever saman og er saman i svevet og Asle kjenner i seg at han bryr seg mykje meir om Alida enn om seg sjølv og at han vil henne alt godt som i verda finst til

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Om "å spela":

...og vart han spurd om kva det hadde med å gjera, så svarde han at det vel helst hadde noko med sorg å gjera, sorg over noko, eller berre sorg, og i spelet kunne sorga letna og bli til flog, og floget kunne bli til glede og lukke, så difor måtte det spelast, difor måtte han spela, og noko av denne sorga hadde vel nokon kvar og difor var det mange som likte å høyra på spel, slik var vel det, for spelet lyfte jo tilværet og gav det høgd, anten no gravøl skulle drikkast eller bryllaup skulle feirast eller folk berre skulle møtast og det skulle dansast...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Så de er de to som treng til hus, seier Kona
Det kan eg skjøna, seier ho
Det skulle de ha tenkt på før, seier ho
Før de stelte dykk slik, seier ho

Godt sagt! (2) Varsle Svar

og så ligg dei der og ho ser Asle sitja der med fela og ho står der og lytter og ho høyrer songen frå si eiga fortid, og ho høyrer songen frå si eiga framtid, og ho høyrer far Aslak syngja, og ho veit at alt er bestemt og slik skal det vera

Godt sagt! (1) Varsle Svar

og dei traskar vidare og så byrjar det å regna og dei traskar berre vidare, men å gå slik i regnet og bli våte, og så få frost i seg, det er mørkt no, det er kaldt no, det er jo seinhaustes og dei har ikkje nokon stad der dei kan søkja ly for regnet og kulden og mørkret og hadde det berre så vel vore at der fanst ein stad dei kunne setja seg ned, i et varmt rom, ja hadde det vel berre så vel vore

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det er berre slik, det er nokon som eig, og nokon som ikkje eig, seier ho. Og dei som eig bestemmer over dei, oss, som ikkje eig, seier ho.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Du er Asle du ja, seier Alida

Og du er Alida, seier Asle

og så blir dei ståande der utan å seie noko

Me har vel aldri før snakka saman, seier Asle

Nei, seier Alida

og så står dei der og seier ikkje noko

Men eg har sett deg før, seier Alida

Og eg deg, seier Asle

Godt sagt! (10) Varsle Svar

og så seier dei ikkje noko og alt er avgjort og det er ikkje noko som korkje skal eller bør seiast, alt er likevel sagt og alt er likevel avgjort

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Anniken RøilIngvild SAnne-Stine Ruud HusevågOle Jacob OddenesKirsten LundFride LindsethMarit HøvdeG LskognymfenEllen E. MartolLailamarithcVannflaskeVibekeBjørn SturødSynnøve H HoelBjørg L.IreneleserKorianderBeathe SolbergMarit HåverstadIngunn SPiippokattaDolly DucksiljehusmorAstrid Terese Bjorland SkjeggerudCarine OlsrødLene MHilde H HelsethKaramasov11Kari ElisabethStein KippersundAnn Helen ETrude JensenTorill RevheimGodemineHarald KTone SundlandBente NogvaMarianne M