Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Hjarta av jord
Ikkje noko hjarta får eiga livet
utan lengt.
I morgonroden som blør
gjennom skylaget i aust,
skal du kjenna han.
Når månen skin
på småkrusa vatn,
vil han vera hjå deg.
Tre veks opp.
Kven reknar åringane der,
eller mælar angsten i skogsuset,
og kvida i den store einsemd?
Elvi når vel havet,
men du skal smaka vemodet
i hennar tidlause song.
Våren tek i blinde
den kvite kjolen frå jordi,
og klær henne grøn.
Men du må leggja andletet ditt
mot lyng og mose og
gråta --
for du hev eit hjarta av jord.
----------
- mælar ... kan bety "uttrykke." Jamfør "miste munn og mæle."
- kvide (norr. kvíða) uhug, ulyst (I), mothug; otte (II), sorg, smerte (I), plage
[...]
Vakrast av alt det skapte
kring meg som eg kan sjå,
er når ved solerenning
doggi heng blank i strå. -
Fekk eg som doggi glime,
vekt or ein jordsvevd blund,
stiga i sol mot himlen
stilt i ei morgonstund. -