Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 18 sitater

-Ja, men du, du elska ho jo så høgt...
Han snudde seg, og ho la til, med eit ertande smilehòl:
-"Så høgt", korfor sa eg det...

-Var det så tydeleg? kom det nervøst frå den gamle vesle guten.
-Nei da, nei da, ikkje i det heile tatt. Nei, det var nesten like diskré som påkledningen til Nounou... [ikke diskré i det hele tatt]
Charles såg ned. Smilet hennar kitla han på øyrene.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Men også Kate med armane rundt knea, nakne føter, så lystig med eitt, røysta ikkje heilt den same når ho uttrykte seg på sitt eige språk, og så desse små augekasta han fanga mellom slurkane og visst sa det same kvar gong: "So....Er det sant? Så du kom igjen..." Og han smilte tilbake, og om han sat der like taus, hadde han aldri preika så mykje med ei kvinne, kom det føre han.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

"La seg til å sove mens han tenkte på ho. På kroppen hennar, litt. Men mest på ho. På ho med kropp omkring."

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ein sann riddersvein bruker arm og bein, berre puslingar tyr til pisken.

Godt sagt! (5) Varsle Svar
  • Og korfor har ikkje du fått?
  • ...
  • Barn...
  • Fordi eg aldri har møtt på mora deira vil eg tru...
Godt sagt! (3) Varsle Svar

Korfor kom du ikkje hit og besøkte ho meir? Du som støtt fortalte oss at den ekte familien, det er den ein finn undervegs...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Men ein skal aldri tru at rause menneske også er gode. Det er der ein finn dei største egosistane...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ho var den same, men ho var ikkje lenger seg sjølv.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Kven var det? Kven var det som fekk den glupe ideen å finne opp barn?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Kva er vitsen, kva set ein barn til verden etter om dei ikkje har rett til å fortelje deg kjærleikshistoriene sine når dei blir store?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Tove Obrestad WøiengretemorCarine OlsrødAud- HelenPiippokattaGrete AastorpAnne-Stine Ruud HusevågKristine LouiseBerit B LieOlemgeWencheDressmyshelfEllen E. MartolRisRosOgKlagingMarit HåverstadLisbeth Marie UvaagReidun Anette AugustinHarald KBeathe SolbergAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBjørn SturødTheaAnn ChristinPilarisKjerstiVigdis VoldCathrine PedersenTanteMamieSolveigAvaAnne Berit GrønbechMarianne  SkageMartinMorten BolstadJan-Olav SelforsHeidiIngeborg GLeseaaseTonje SivertsenJakob Sæthre