Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
She stopped to wait for me, and when I reached her she gave me her hand. This gesture changed everything between us for ever.
I den augneblinken, så dirrande og full av lys og havbrus, lét eg som eg var aleine i den nye byen, med det nye livet framfor meg, stilt overfor villskapen til alt som rørte seg, men likevel sigra eg: Eg, eg og Lila, vi to saman, med evna vår til å gripe alle desse fargane, lydane, tinga, menneska og fortelje det til kvarandre og slik gi det kraft.
"Same kva som hender, må du halde fram med å studere."
"To år til, så får eg vitnemål og er ferdig."
"Nei, du skal aldri vere ferdig: Eg kan gi deg pengar, du skal alltid halde fram med å studere."
Eg lo litt nervøst og sa:
"Takk, men etter ei viss tid er det slutt på alle skolar."
"Ikkje for deg, du er den briljante venninna mi, du må bli den beste av alle, av både gutar og jenter."
Det vakre som Cerullo hadde i hovudet sitt då ho var lita, det fann ikkje noko utspring, Greco, men hamna i staden i ansiktet hennar, i brysta, i hoftene og ræva. På slike stadar forsvinn venleiken fort, og det er som den aldri har vore der.
Det var i løpet av den køyreturen [...] at eg fekk ei klar kjensle av å vere ein framand som var ulykkelig over å vere ein framand. Eg hadde vakse opp med dei, for meg var oppførselen deira vanleg, det brutale språket var også mitt språk. Men i seks år no hadde eg også følgt ein veg som dei ignorerte fullstendig [...]. Saman med dei kunne eg ikkje bruke noko som helst av det eg lærte kvar dag, eg måtte alltid halde igjen, på sett og vis gjere meg mindre. Det eg var på skolen, det måtte eg sette i ein parentes når eg var i lag med dei.
Eg kjenner ingen nostalgi for barndommen vår, den var full av vald
We were twelve years old, but we walked along the hot streets of the neighborhood, amid the dust and flies that the occasional old trucks stirred up as they passed, like two old ladies taking the measure of lives of disappointment, clinging tightly to each other. No one understood us, only we two—I thought—understood one another.
She took the facts and in a natural way charged them with tension; she intensified reality as she reduced it to words, she injected it with energy.
Biblioteket var for henne ein viktig ressurs. I løpet av samtala viste ho meg stolt alle lånekorta sine, fire i alt. Eitt var hennar, eitt var registrert på broren Rino, eitt på faren og eitt på mora. Med kvart kort kunne ho låne ei bok, og slik kunne ho få fire bøker i alt. Heime slukte ho dei, og neste søndag leverte ho dei tilbake og fekk fire nye.
Det var ei gammal frykt, ei frykt som aldri er gått over: Eg var redd for at livet mitt, ved å miste delar av livet hennar, blei mindre intenst og mindre viktig.