Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 15 sitater

Eg vil leva, drukne vil eg ikkje!

Godt sagt! (5) Varsle

Tenker du på jenter midt i veka ?

Godt sagt! (3) Varsle

Jørgen sette seg tolmodig ned.
- Fortel då.
- Hege har vel fortalt deg om rugda? sa Mattis strengt.
- Vi har hatt så mangt å tala om, eg kan ikkje minnast om eg har høyrt det.
- Kunne ho ha større ting å tala om en rugdetrekket mitt?
- Ja.

Godt sagt! (2) Varsle

Kva som enn hender deg og meg, så må du ikkje gå ifrå meg. Noken ny tanke var det slett ikkje, kjendest berre ny kvar gong, og like vond kvar gong.

Godt sagt! (6) Varsle

Er eg skarp for alvor no?
Då er det i alle fall ikkje for tidleg, tenkte han.

Godt sagt! (0) Varsle

Då han såg opp, var der ljos-striper der rugdetrekket hadde gått. Rett over huset hans.

Godt sagt! (2) Varsle

Handelsmannen vog opp den vesle kaffiposen, og spurde likesælt medan han passa vekta:
-Vori ut og rodd att?
-Nei.
Mattis og sa det stutt og likesælt, medan det lo inni han. Slik skulle store ting talast om. Rett nok hadde denne same handelsmannen sagt så og så bak ryggen på ein nyleg, men ein fekk sjå bort frå det. Likeins vara han seg for å kjøpe drops desse første gongene - kva var vel kamferdrops no? Han gjekk ut av døra med kaffi og sukker, som han var ein tømmerhoggar frå ville skogen.

Godt sagt! (3) Varsle

Ein vaksen lauskar midt i heitaste slåtten - han går vel ikkje og sleng ledig ?

Godt sagt! (7) Varsle

Det kremta til venstre for han. Mannen sjøl, der han lutte seg over sine eigne turnipsvoner, og plukka og stelte godt med dei. Mattis var med ein gong på vakt. Men det trong no ikkje tyde noko. Folk kremtar no av og til berre i lause lufta og.

Godt sagt! (3) Varsle

Han stod der hengde med armane. Kva skulle han fortelje henne? Ho visste ikkje kvifor ho var til. Og ho som var så skarp.

Godt sagt! (7) Varsle

Sist sett

LaddenAlice NordliAnne-Stine Ruud HusevågIngvild SBenteHeleneTone Maria JonassenDemeterMarteHilde H HelsethHelena ETorill RevheimPiippokattaEvaSyntaksfeilAvaBjørg L.Bjørn SturødBerit B LieToveKirstenFindusHarald KAstrid Terese Bjorland SkjeggerudEllen E. MartolKaramasov11AnneWangellinoronilleGro-Anita RoenKristin71Mads Leonard HolvikMorten JensenKjell F TislevollRavnJohn LarsensiljehusmorOleIngeborg GGjertrud JacobsenLinnAE