Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 4 av 4 sitater

Å FÅ

ei lita hand
inn i ei stor hand

det er ingen småting
her vi går

di vesle hand
smygande inn i mi

ingenting større
enn det

Godt sagt! (4) Varsle Svar

KORLEIS KAN EG

leva
når du ikkje er

tida er ført bak lyset
mørket bak mørket

ein ny morgon
utan deg

dagen døyr
i solrenninga

Godt sagt! (3) Varsle Svar

TO VAR DEI SMERTENE

ja, tre
den eine som eg
ikkje kan gjera noko med

den andre som eg
kan gjera noko med

og den tredje som eg
kunne ha gjort noko med
men ikkje gjorde

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Å RO

i stilla er å gå inn i
det beste av alt som er

å gripa tak med hender
men óg vera midt i alt

bøya seg strekkja seg
tankar dryp frå årane

syn bakover og glimt
framover i vendinga

i denne store stille flata
av ein augneblink

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Alice NordliKirsten LundDemeterPiippokattaElinBeAnn ChristinIngunn SCamillaKine Selbekk OttersenEllen E. MartolHilde Merete GjessingellinoronilleKristine LouiseLinda RastenPia Lise SelnesLars MæhlumTanteMamieRufsetufsaIreneleserNorahBertyTine SundalInger-LiseHilde VrangsagenHeidi HoltanalpakkaKaren PatriciaGro-Anita RoenLinn Beate Kaald ThoresenKjersti SDolly DuckLilleviGitte FurusethStig TSynnøve H HoelG LTorTore HalsaBjørg L.McHempett