Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 8 av 8 sitater

Vi blir endra av kva vi gjer. Ikkje av kva vi tenkjer på, ikkje av kva andre fortel oss.

Godt sagt! (6) Varsle

Alle forteljingane, det ville kravd fleire liv å romme det som blir fortalt. Det vil ikkje ta lang tid før vi begynner å krangle om kva som var rett. Det vil ikkje ta lang tid før lagar nye lover, nye reglar, for å gjerde inne det som er den rette vegen, den rette trua.

Godt sagt! (0) Varsle

Hugsar du kva eg sa den kvelden, sa eg, det eg sa om regnet.
Du skulle vere regnet, sa ho.
Eg vil vere regnet, sa eg, som ingen er redd for å gå ut i.

Godt sagt! (0) Varsle

Men eg forstod at det vonde ho bar, var blitt ein del av henne. Det var ikkje noko som vart borte, det forsvann ikkje, ho bar det kvar dag, og det slo og banka og pressa seg fram kvar natt.

Godt sagt! (0) Varsle

Du ber om det gode, men det gode eller det vonde er ikkje noko å be om. Du må be om ei historie å høyre heime i. Ei du kan tru på, ei du kan tvile i.

Godt sagt! (2) Varsle

Ho kom til å tenkje på Ruth, storesøster si. Ruth sa alltid at mennene som kom til dei, var menn som hadde gått seg vill. Alt vi skal gjere, sa storesøster, er å la dei tru at dei har funne heim.

Godt sagt! (0) Varsle

Eg er i fleire delar. Ruth samlar meg i hop. Ho har nål, ho har tråd, ho gjer meg saman.
Hysj, seier ho, eg skal gjere oss fri.

Godt sagt! (0) Varsle

Vond, god, seier han, det kjem an på kven lyset fell på. Heile verda der oppe, den du så vidt kan høyre, lever på historier.

Godt sagt! (0) Varsle

Sist sett

Aud- HelenPilarisKjerstiAnne-Stine Ruud HusevågGrete AastorpLilleviJohn LarsenMathildeHildeE .siljehusmorAnniken RøilPiippokattaVidar RingstrømSverreMarianneIngvild SRos-MariRoger MartinsenIngeborg GSolveigPerSpelemannAstrid Terese Bjorland SkjeggerudcanisKarin BergRuneFride LindsethKaramasov11Elisabeth SveeErika Nritaolineella76Harald KHelge-Mikal HartvedtFiolMarit MogstadSigrid NygaardLinnAEDemeterHeidibenedikteleserJulie Stenseth