Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 3 av 3 sitater

Du

Vi, - på kvar vår side
av vill foss, utan bru.
Min kjærleik ropar deg til seg,
heim til sitt bu.
Du høyrer ikkje. Og vender um
tungt, med mi lukke-tru.
Himmelen myrknar. Timane
tærer med angest-gru.

Dy gøymer deg av inn i skog.
Eg ropar. eg riv meg til blods, og leitar.
Med kjærleiks sæle tunglunde
skjelv min hug.

Du dreg meg mot fossestupe
i tunge vanvetuge stunder.
Utan deg, utan deg er eg ingen ting til.
Mitt liv går under. --

Draumane herjar den ville natt.
Kven eig deg, kjæraste? Når kjem du att
med mitt liv. Mi tru.

Helvets pine og Himmelriks sæle
er du. Er du!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Menneske

Ikkje ein gud
og ikkje ein djevel,
menneske er du.
Ikkje ein himmel
eller eit helvit,
men båe slag ber du.

Med alle vilkår
for trælearmod
og kongetrone.
Med kjærleiks signing
og hat's forbanning
og kross og krone.

Du blir kje fri deg.
For uheil er du
og millomtingen.
Alt ber du i deg
ja, all ting er du
og elles - ingen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Så møttest vi att--

Så møttest vi att
etter mange
år av einsemd.

Og augo dine
var eit villframand menneskes augo.

I mi bringe
hadde bylgjone lagt seg til ro.

Din famn var tom
etter nokon som var reist-

Som med stròk av vemod
ser du meg granskande
inn i augo.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Anita NessBeathe SolbergDemeterBerit RKirsten LundAnn ChristinSynnøve H HoelCamillaMarit AamdallittymseIngebjørgDaffy EnglundFiolIngeborg GElisabeth SveeLilleviHeidiEirin EftevandKjell PHarald KAnette SFlettietteMonica CarlsenMads Leonard HolvikEgil StangelandPiippokattaMarenMarianne AugustaritaolineIngvild SRufsetufsaJanne Kristin HøylandReidun Anette AugustinLinnMarianne  SkageVannflaskeStig TPilarisKjerstiAkima Montgomerygretemor