Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Til menneska
Berre i djupaste stilla
kan vatne fange og spegle
himmel og berg og ild.
Det knuste verdsbilete
er skapt av vår eigi uro,
er brot på eit hav av tid.
Midt i det ville, hektiske
fredlause timejage-
grip etter ro og stund.
Lat det bli stille i deg.
Da skal du sjå ditt andlet
stige or spegelbunn.
Kan eg nå di hand?
Når våre hender i hop
over dei mange mil
over dei mange år?
Kan vi høyre
kvarandres rop
Over så stor ein avstand?
Finst det vel avstand
i rom og tid
for det som var ifrå æva
og æveleg skal bli?
Kjærleiken gror
i menneskehagen
her vi går.
Kjærleiken
som er yngre enn morgondagen,
eldre enn år.
Treet og bekken
Står der det står
alltid det same
med røtene fest,
med tæger som leitande fingrar
fumlar seg gjenom myrkret:
mot fulle bryst.
Strøymer bekken
i same faret
dag etter dag
ifrå gry til gry.
Stendig skiftande
aldri den same
alltid ny.
Renn burt og renn burt.
Treet står,
gjev seg tid til å gro.
Bekken og treet
i stendig rørsle
i stendig ro.
Godt å vera bekk
vera tre
vera strøymande
vera fred.