Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Då kom *du*
-Så gravla eg alt eg elska.
Dagen var grå.
No stod eg her ferdabudd
og ville gå.
Livet, det hadde ikkje
meire å gje.
Eg stunda imot den stille
gravsens fred.
Stod eg der, budd til å fara.
Trudde alt slutt.
Men tvika enno-
Kan avskilstundi
s å lenge vara
og vera så stutt?
Alle og alt eg var glad i
heldt meg att.
Tåreblind sprengde eg bandi
til alt som batt.
Endeleg var eg ferdig-
Då kom du, du
Vekte mitt trøyte hjarta
og gav meg tru.
Midt i mitt mismods myrker
vart verdi ny
då du kom. Undrande såg eg
morgonen gry.
Stumt klaver
Tonane teier. Alt er tomt.
Kvar er dei hender som før fylte
mit rom med tonar?
No står klaveret
i kråi, stumt.
Å, alle tonar
som kunne løysast!
Alt ikring
er myrker og tomleik.
Augo er såre av vaking, og ser
ser berre natti.
Lyder-
og høyrer
stilla som spelar
sitt stumme klavér.
Moder Jord
Teiande, med eit tolmod
som berre ei mor kan eige,
nækjer du bringa
og let oss få syge
livsens saft.
Medna vi krev deg
for meire og meire
i ei hækne som aldri tek ende,
tappar vi or deg
og øyder di kraft.
Livgjevande straumar
renn og fløder
i dine ådrar.
Mange er vi, dine born,
som du mettar og føder.
Mange er vi som sårar.
Tappar deg meir
enn vi treng.
Gråduge er våre munnar.
Hjartelaust syg vi deg, mor.
Um vi enn anar
at dine brunnar
ikkje er bornlause.
Umsynslaust, hardt,
syg vi deg
Moder Jord.
Rømling
I
Trygg gjekk eg heime
på eigi jord.
Vondt er rotlaus å vera
og heimlaus for den
som var bufast.
Rømling og rotriven er eg.
Ingen stad
mine røter kan gro.
Under føtene flyt det alt,
finn ikkje feste
her som eg siglar
fredlaust på havet
ut i mot ukjent
utan ro.
II
Der ser eg landet
stige or havet.
Velberga hit er eg komen,
frelst ifrå fallgard og flu.
Her har mine høgsetestolpar
drive i land.
Her er det.
Her vil eg vera.
Her vil eg finne
grunn under føtene,
mold for røtene.
Her vil eg feste bu.
Etter oss
Kven vil syngje
um susande skogar
etter oss?
Kven um kyrkjestille dalar
og kyrre fjell.
Um åkrar som
bøygjer seg i blåsten
tunge av grøde.
Um utamde fossar
og elvar i flaum.
Um perlande friskt
uppkomevatn,
stjernesildre ved åbreidd
og glitrande fuglekvitter,
og um den klåre
og reine luft.
Kven vil syngje
etter oss,
um eit hjarta
så fylt av samhug
med alt som lever,
at det vil sprengjast
av sorg
-eller glede.