Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
(...) og så, ut på
kjøkkenet, til
havregrauten
til avisa
til dagen
og til deg
(...) så er du i mi hand
så er eg i di hand
og betre hand
har eg aldri
kjent
elles er eg
blid og glad
blid og glad
blid og glad
slepper ingen inn
og ingenting ut (...)
(...) kan ikkje bli
kan ikkje dra
kan ikkje bli
kan ikkje dra (...)
(...) så nemner dei
det aldri meir
så nemner eg
det aldri meir
så nemner vi
det aldri meir
(...) men døra skal ikkje låsast
døra skal alltid stå open, for
pappa skal alltid kunne inspisere, og
ingen kan vite når, og ingen kan
vite av kva grunn, for det er hans
hus, og alt skal han vite, alt skal
han sjå, alt skal han godkjenne (...)
(...) det vonde er sådd
skuggen bak ryggen
er fødd (...)
(...) for pappa kan bli
så sint, så sint, og ingen
kan vite når, og ingen kan
vite av kva, og eg, som ikkje
er redd for noko, eg er redd for
pappa (...)
(...) og aldri før har nokon
snakka om anoreksia i beste
sendetid på nrk, det er eit skup
dei veit det og dei treng det, verda
treng det, og eg treng det, treng å
sitje der å vere eit menneske
verdt å lytte til (...)
(...) eg er nærast meg sjølv når eg har knokkelkontakt, seier eg, då først heng sjela saman med kroppen (...)