Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 3 av 3 sitater

Eg forstår så lite. Og etter som åra går, forstår eg mindre og mindre. Det er sant. Men også det motsatte er sant, at eg etter som åra går forstår meir og meir. Ja, det er også sant at eg etter som åra går forstår veldig mykje, nesten skremmande mykje. Eg kan faktisk nesten bli matt av kor lite eg forstår og nesten bli skremd av kor mykje eg forstår. Korleis kan det ha seg at begge delar er sant, at eg samstundes forstår mindre og mindre og meir og meir?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Den som kjem frå ein stad ved fjord og fjell på det norske Vestlandet, og som ikkje klarte å slå seg til tols med dei sanningar som på slike stader har blitt rekna for gyldige, og som difor, ofte i dei år ein var på veg ut or barndomen og inn i vaksnare liv, vende seg til litteratur og filosofi for kanskje der å finna innsikter og sanningar som stod litt meir til truande, har nok mang ein gong trøysta seg med at sjølv om det rett nok ikkje har kome så mange store tenkjarar frå traktene kring desse fjorder og desse fjell, så har det kome nokre ganske gode diktarar.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Og dermed er det vel ikkje til å undra seg over at teatret, som menneskets kunst, har så stort spenn i seg, frå det sublime og til det keisame, det er vel knapt noka anna kunstform som kan vera så god når ho er god, og så keisam når ho er keisam.
Men lat oss gløyma all keisemda og lat oss hugsa dei store klåre stundene då teatret framstår som menneskets gripande kunstgjering av seg sjølv, tungt og klårt og innsiktsfullt, i merkeleg einskap av tanke og kjensle, kropp og sjel, av rørsle og stillstand, stundene då musisk kjensle, biletleg eigenart og språkleg driv fortettar seg til magisk lysande augneblinkar. Det er desse stundene, då ein er midt inne i noko som nesten verkar umenneskeleg, som gjer teatret møda verd, desse stundene er det teatrets kunst, menneskets kunst, paradoksalt nok (slik jo mennesket i seg sjølv er paradoksalt) har som sin inste og største og uutseielege løyndom, stunder ein kjenner seg freista til å seia rører ved det i mennesket som aldri kan døy, fordi det aldri vart født.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

PrunellaKirsten LundRufsetufsaMads Leonard HolvikSissel ElisabethTralteLailaAnne-Stine Ruud HusevågBjørg RistvedtOddvarGMorten MüllerKatiMaiFrisk NordvestEivind  VaksvikMarenPiippokattaCathrine PedersenCarine OlsrødIdaStig TAstrid Terese Bjorland SkjeggerudsomniferumGrete AastorpKjerstiSigrid Blytt TøsdalbrekHilde VrangsagenLiv-Torill AustgulenStein KippersundHarald KReidun GranbergBenedikteLars MæhlumInger-LiseTanteMamieG LIngunn SIna Elisabeth Bøgh VigreTine SundalEster S