Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Spor
I
Eg snur meg og går
heilt til eg ikkje kjenner igjen
noko rundt meg,
ingen vegar,
ingen bakkar,
ingen åsar og fjell,
ingen elvar og vatn,
ingen fjordar og hav,
rommet er ope
i alle retningar
her eg går,
rommet inni meg
opnare for kvart steg.