Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 11 sitater

I intervju hadde eg sjølv slått fast at eg skreiv betre enn Rabelais, betre enn Cervantes, Grimmelshausen og Shakespeare til saman. Sjølvsagt gjorde eg det. Ingen av dei skriv lenger. Har ikkje skrive på hundrevis av år.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Minnet er poet, ikkje arkivar eller historikar.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Først talte ein foredragshaldar med ein uforståeleg akademisk dialekt. Han heldt på i ein stiv time, men sa ikkje kva han snakka om.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Gamle almenkringkastarer som ... NRK (Norsk rikskringkasting) hadde gått gjennom svært vellykka privatiseringsprosessar. Etter kvart oppdaga dei nye eigarane at det gav langt større inntekter å selja frekvensområde enn sjølv å produsera radio- og teveprogram.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

I massemedia er det ikkje kontrollen med dei politiske nyhetene som er avgjerande. Langt viktigare er det ideologiske apparatet som ikkje framstår som politisk, men berre hevdar at kjøp og salg av varer og materiell rikdom er det einaste målet på menneskeleg lykke og ulykke. Det politiske innhaldet i massemedia er først det som framstår som upolitisk, og utstyrt med det moralske epitetet godt, for ikkje å seia edelt. Arbeid for rettferd, likskap og sosial utjamning framstår derimot som politiske overgrep.
Alt blir snudd på hovudet. Alt er opp ned.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Den som skriv, står ved ein glassvegg eller eit vindu eller om så berre eit rundt kuauge og ser ut. På den andre sida er det fullt av folk som går til og frå, eller folketomt ute på det nedfrosne dekket. Utkikken framme i baugen, islosen på brua. Skriv du ned orda slik dei er vil ingen forstå deg. Først når du lærer deg å skrive bokstavane, setningane og orda bakvendt, er det nok for alle å kaste eit blikk inn i ventilen i skottet, for å sjå deg, og forstå.
Det du ikkje skjønar sjølv. Det er du eller dei andre. Alt etter som.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Den som ikkje les aviser, er uinformert, sa Mark Twain. Så la han til: Den som les aviser, er feilinformert.

Godt sagt! (13) Varsle Svar

Min to band store biografi om forfattaren Karl Ove Knausgård var godt mottatt av kritikken, og var under omsetting til fleire språk, under den velvalde tittelen Og vel så det.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det at han rett som det var, og utan grunn reiste seg frå bordet, sa merkverdige ting og gjekk rett heim og la seg, var nok grunnen til at Pål Likør av og til blei kalla for St. Hallvard. Han framsto som ein slags helgen, pluss at damene meinte han var søt og god. Eit uekte barn av Mor Theresa, det var det han var. Birger Barents var derimot sterkt kritisk til drikkemønsteret til Pål Likør, som han karakteriserte med ordet putl, eit lydmålande ord han måtte ha lært av meg. Nå sit Pål Likør og putlar og drikk igjen! Sit og onanerer tre timar med det same glaset, klagde Birger Barents. Plottar Doggerland var meir forsonleg. Du kan ikkje venta anna frå ein som kjem frå eit så alkoholsvakt miljø, sa han. For eigen del, og for å unngå forveksling, må eg truleg legga til at sjølvsagt er ikkje Pål Likør ein fransk filosof, berre med kinesisk uttale. Ein kan seie mykje om Pål Likør, men fransk filosof, det er han ikkje.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Derfor hadde han vore i stand til å løfta reklame og marknadsføring opp i ein høgare dimensjon. Å kunne selja løping innandørs, på tredemølle, for pengar og i dyre dommar, medan sola skein på løpestiane utanfor i den vakraste natur, var i så måte eit uslåeleg meisterstykke.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

Egil StangelandHarald KLinda NyrudPi_MesonPiippokattaStig TAneSynnøve H HoelMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakimIngridLabbelineBenteTheaElisabeth SveeDinaAkima MontgomeryMads Leonard HolvikIngunn SSigrid Blytt TøsdalMarianne  SkageRandiKirsten LundTrude JensenGitte FurusethTone SundlandJon Torger Hetland SalteAlice NordliIngvild SMonica CarlsenChristoffer SmedaasRoger MartinsenBjørg Marit Tinholtkntschjrld