Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Min måte å respektera og beundra Hulda Garborg har vore å lesa bøkene hennar nøye, ta ideologien på alvor, prøva å forstå henne ut frå hennar eiga tid og analysera og kommentera dette ut frå hundreårsdistansen oss imellom.
Å lesa skjønnlitteratur som biografi er å bryta den innebygde sjangerkontrakten mellom forfattar og lesar.
Dei ekte mannsheltane finst i bygdesamfunnet, der dei, enten som bufaste for livet eller som bokleg lærde heimvende vandrarar, held oppe gardsdrifter og handverkstradisjonar, les Rosseau, syng stubbar og viser, siterer remser frå Håvamål og er til stades for kone og barn.
Med dette standpunktet, romantisk kjærleik med kvinnevri, argumenterte Hulda Garborg mot tidas splitta kvinnebilde og for "den store Eros" i samtidas debattfrontar: mot undertrykking av erotikken gjennom askese og "hanskemoral" i sedskapsdebatten, mot overidealisert askese og overseksualisert prostitusjon, mot lettsindig flørting med seksualiteten i bohemavantgarden og mot hore/madonna-tematikken i kjønnsideologien.
Ho var den fattige og sjølvforsørgjande kvinna som blei ein framståande intelektuell, sosialisten som forsvarte dei gamle bondeverdiane, og landsmålsmennesket som skreiv riksmål, og ho var kvinnesakskvinna som kom på kant med likestillingsforkjemparane.
Men det finst andre, meir skjulte og implisitte sorteringsmekanismar enn "litterær kvalitet". eit historisk stoff må ordnast, og ein litteraturhistorikar systematiserer vanlegvis materialet i litterære epokar. Den forfattaren som i si tid står fram som nyskapande i stil, sjanger, stoff og ideologi, som bryt med, eller innleier, ein ny epoke, kvalifiserer seg dermed for fyldig behandling, medan dei som skriv i tråd med etablerte bølgjer og trendar, kan bli grupperte med kortare omtalar i oppsamlingsgrupper.
Men at det er "stor litteratur", er ikkje det einaste som tel når verdien på bøker skal målast. Annleis enn politisk og økonomisk historie som tar for seg strukturelle endringar i samfunnet, og annleis enn den biografiske historia som gjer greie for livsløpet, opnar litteraturen vegen direkte til tanken og medvitet, verdiar og moraltenking, til lykke og ulykke, glede og sorg. Litteraturen er ein del av nasjonens minne.