Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Dei eldste gudane rådde over vatn, luft og stein. Llyr blei bunden i havet, av son sin Jolnir, Vargtid med minnefolkets seid. Tyr blei bunden i lufta, av gudeborna i Yllarheim. Og Bor blei bunden i stein, av herduegane.
Herduegane verjar Bor i steinen, Sølvfiskane verjar Storganden (Llyr) og ørnane, dei verjar Tyr i himmelen.
Ein har alltid eit val, Ragna. Om det ikkje er eit val som er lett, eller mellom det rette og det vrange, så er det likevel eit val.
Skip gleid stilt på glitrande hav utanfor Yllarheims mørke skogbryn. Kong Kvitvarg knurra lågt. Kroneberar og gudemakt om bord i Keisarskip.
Ragna ville spørje, men ho visste betre. Når nokon snakkar, får ein vite meir om ein teier.
..og verda skal stå til den eine drep den andre, eit drap som vil komme i ei tid då bror drep bror, då alle frendskapsband brest, ei vargtid då verger vil vike og gudeborn svike.