Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Men alternativet hadde vore ikkje å ha noka venninne, og eg vil ikkje at livet mitt skal bli ein einaste lang fisketur saman med Arild.
Eg stumpar sigaretten i underarmen. Eg er blitt så van til det at det knapt gjer vondt lenger. Eg tar på meg armvarmarane igjen. Går bort til bordet. Ser på det ferdige beltet. Alle perlene, perfekt plasserte i høve til kvarandre. Ved slutten av et sånt arbeid er det som om eg er større enn meg sjølv. At eg blir ein del av skaparverket. Eg er med på å gjera verda vakrare og betre. Alle menneske blir så gode i ansikta sine når dei har på seg bunad. Eg er med på å gjera ansikta mjuke. No i vinter skal farmor læra meg saumen til skjorta. Då må eg slutta å skade henden mine, eg kan ikkje få blod på det kvite tøyet. Eg skal sy den snøkvite saumen, det skal snart bli vinter. Snø på epletrea, og alle skal gløyma. Alt skal gøymast under snøen. Og eg skal berre sy.