Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 1 av 1 sitater

Han fekk sitt litterære og nasjonale gjennombrot med det songspelet. Stykket var ein teatersensasjon, meiner Reidar Djupedal. Det var her dei blei sungne og og trykte første gongen, songar som “Her er det land, som hugar meg best”, “Du Sundagskveld”, “Dei vil alltid klaga og kyta”, “Dan tyngste Sorg og Møda”.
Ervingen handlar om odelsguten Aamund. Han har vore ute i verda, meiner sjølv han har fått forstand på ting, og no vender han attende for å gjere krav på Flåvika, finaste garden i bygda. Stykket var ifølgje kulturforskaren Jostein Gripsrud tidstypisk på fleire måtar. Det handla om overgangen frå det tradisjonsbundne jordbrukssamfunnet til det moderne samfunnet, blei skrive av ein forfattar som sjølv var ein del av denne moderniseringa, stykket blei altså til i denne overgangen, og det var skrive på eit språk som uttrykte moderniseringa.
Ervingen var ein vaudeville, eit satirisk songspel. Denne spelforma var blitt utvikla i Frankrike på 1600-talet og var no svært populær i Danmark. Då Aasen skriv stykket, hadde han sett godt over 200 teaterstykke. Ideen var hans eigen, men våren 1852 hadde han sett “Emigranten og hans Datter” av franske Jules Sandeau, og deifrå lånte han eitt og hitt. Historia var langt på veg den same, men songane var Aasens eigne.
“De maa aldrig indbilde Dem”, sa Henrik Ibsen til han, “at De kan regne ud på forhaand, hva der vil komme til at gjøre lykke hos det store publikum.” Songane blei raskt folkekjære, og det blei dei verande også etter at Symra-songane var komne.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

HeidiLinda NyrudTheaIngvild STone SundlandStine SevilhaugMonaBLVariosaHarald KTorFlettietteMonica CarlsenHilde Merete GjessingReadninggirl30DemeterPacosiljehusmorgretemorBjørg RistvedtHilde H HelsethStig TJarleLeseberta_23BenedikteHelena EGrete AastorpEileen BørresensomniferumLisbeth Marie UvaagTone HGrete AmundsenAnne-Stine Ruud HusevågKristina Jernstrøm LyseboritaolineKirsten LundCecilie MLailaHeleneEgil StangelandLene Andresen