Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 4 av 4 sitater

SPRÅK
Kor mange språk kan eg?
lat meg sjå

slutt
slut
Schluss
end
fin
finis

og fleire til
men dette får vere nok

Godt sagt! (3) Varsle Svar

VESPER

Å kveld
som gøymer alt
i di djupblå kappe
gøym meg også er du snill!

kvifor skal åsane
trea og markene
få krype under dyna di
og ikkje denne vesle kroppen
av angst
og lengsler?

også eg vil gå i eitt
med himlen
slik som du
gli inn i ei blå æve
av fred

Godt sagt! (6) Varsle Svar

FRED

Fred
kvar kom du frå?

du kom
ikkje som sum
av mine tankar
ikkje som nei
til mine lengsler
ikkje som ja
til mine rop
ikkje som trøyst
til mi fortviling
eller som eit ljos
i mørkret

du berre kom

som ein stor fugleveng
og dekte meg
bar meg
inn i eit høgare rom
inn i noko anna
som ingen kan nå
eller skiple

er det
Du?

Godt sagt! (4) Varsle Svar

VENSKAP

Det er berre dette:
det er fint å vere saman med deg
sjå andletet ditt
augo dine
som seier:
det er fint å vere saman med deg

meir er det ikkje
det er alt
alt

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundKristine LouiseVibekeKari ElisabethCarolineSynnøve H HoelEvaSigrid Blytt TøsdalRandiAGroEmil ChristiansenLeseaaseHilde H HelsethJulie StensethVanja SolemdalEivind  VaksvikPiippokattaMorten JensenIngvild SGro-Anita RoenLilleviTone HUltimeciaalpakkaEli HagelundChristofferLisbeth Marie UvaagKarin BergGrete AastorpTrygve JakobsenAnne Berit GrønbechTanteMamieBirkaAlice NordliDemeterElinBeAnn ChristinIngunn SCamillaKine Selbekk Ottersen