Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Jo mindre nokon av oss snakka, jo høgare blei terskelen for å opne munnen og seie noko, jo vanskelegare å trekke pusten, alle tilløp til tankar å formidle hamna i den indre avfallskverna. Slik hadde det alltid vore, med alle, alt eg vurderte å seie høgt, blei først avspelt inni meg, alt verka som parodiar på korleis folk i den verkelege verden snakka, optimistiske forsøk på å snakke normalt og spontant.
Alle dei einsame kveldane og nettene, med ekkoet frå eigne tankar i tussmørket, borte var dei, som om dei aldri hadde eksistert.
Det er ingen kvinneskikkelser der. Og dermed er den nye verda fri for uromoment og spenninger.
Det var lurt.
Eg er redd du skal miste interessa for meg om mystikken tar slutt.
Eg ville seie at han måtte love å ikkje drepe meg, men tenkte det var upassande, sidan kona hans akkurat var død
Eg er alt for mykje til at berre ein person skal vite meg!
Men det var nettopp det, det ville krevje viljestyrke å opparbeide seg viljestyrke
Bli jakta på av måker, tenkte eg, finst det noko meir fornedrande ?
Ho klemte meg med dei kristne eplekinna sine, synest det var spennande å kjenne ein skandalisert person, dette var noko å fortelje til klubben.
Han togg maten sakte bak ryggen min, mens kummen fyltest med vatn, eg hadde alt for mykje såpe i, det skumma over, vulgært, det skvulpa vatn på t- skjorta mi, ein invitasjon til erotikk.