Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Sorg er krafts uppkome.
I diktet "Ny song til fedrelandet" summerer Hauge det sentrale i si verd, det han er mest glad i :
Alt som var gløymt og no gir seg til kjenne igjen,
alt kjært som eg miste og har funne att:
eit ver-slite naust, angen av tjøre og bork og ein brennande
eineberbusk,
fars stav, mors grav.
Dersom det er noko ved dei institusjonaliserte behandlarane som blendar av for innsikta i det dei behandlar, rett og slett fordi grensa mellom behandlar og behandla ikkje kan gjevast opp, så tilbyr litteraturen eit univers der desse grensene ikkje gjeld. Her er det språket og forteljinga som definerer kva som er viktig, ikkje plasseringa i forhold til institusjonar eller diagnostiske kategoriar. Her finst det innsikter som ein kan ta lærdom av, som medmenneske, som medlidar, som behandlar, som pasient.