Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Om å vera der ein er.
- Det er ikkje alltid så enkelt, seier eg.
- Kva då? seier ho som dansar ballett.¨
- Å vera der ein er. Vi er redde for det.
Det er berre der vi er det kan gå galt. I minna kan det ikkje skje meir enn det som skjedde. I framtida skjer det ingenting før vi kjem dit. Det er no det er fare på ferde. Det er no eg kan dumma meg ut. [...]Det er no tankane mine flyktar inn i framtida.
- Kor er du no, då? seier ho som dansar ballett. - Er du her?
- Eg er like i nærleiken.
- Eg er heller ikkje her før seinare, seier Bernt. - I kveld, når eg har lagt meg, då er eg her.