Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Jaudå, min herre, adjektiva fødest på ei side [av hjerna] og substantiva på den andre, og slik er alle typer ord separert etter kjønn.
- Kjønn?
Javisst, frue, kjønn. Orda har kjønn. Eg er snart ferdig med den store psyko-lekso-logiske avhandlinga mi der eg gjer greie for denne oppdaginga. Orda har kjønn.
- Men dersom det er slik, elskar dei einannan også?
Enkelte av dei elskar einannan. Og giftar seg. Giftemålet deira er det vi kallar stil.
Høyr her, eg kunne ha lagt ut om heile livet mitt, det er mange andre interessante hendingar å fortelje om, men i såfall trengs det tid, vilje og papir. Eg har berre papir.