Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Sløkkje tørst
Det var nok ikkje ein edelstein,
inga stor, blå perle du fann,
men ein liten glattslipt gråstein
du kan leggje under tunga.
Tonekyss
Tungene våre møtest
i ein skjelvande kyss
så hovudet vert fylt
av søt musikk.
Solkyss
Eg er så lite mogen, så grøn.
Eg raudnar i karmen
i varmen,
når sola tar meg i armane.