Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 15 sitater

DET MØRKNAR

eg står og ser på dei to hjortane
og dei to hjortane står og ser på meg
lenge står vi slik
eg står urørleg
hjortane står urørlege

ikkje noko kan høyrast
ikkje ein vind i lauvet

det mørknar

Godt sagt! (5) Varsle Svar

HAUSTDAG

Herre: det er tid. Vår sommar var så stor.
Legg dine skuggar opp på solura
og lat så vindar blåse over jord.

Og bed dei siste frukter fylle seg;
og gjev dei enno nokre varme dagar,
krev dei fyllest no i dine hagar
og gjev si siste tyngd til vinens preg.

Den framleis utan hus, han byggjer ikkje no.
Den framleis einsam, han blir einsam lenge,
og vaker, les, skriv lange brev, vil trenge
å gå i allear alltid utan ro
og sjå lauvet flagre, ikkje henge.

(Rainer Maria Rilkes Herbsttag)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

i lyset som ikkje er eit lys
men som liknar på eit lys
og som går gjennom dagar og netter
lik ein hund
som snusar seg fram
det er der vi er
og finst

(i lyset som kan mørkna
verta borte
i eit mørker utan ende
og som så kan koma attende)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

mjukskap
og noko anna
kanskje ein hardleik
vanskeleg å skilja frå mjukskap
kanskje ein vilje
vanskeleg å skilja frå lydnad

og sand
berre sand
alt augo kan sjå er sand
før ein stein kan sjåast
og gjev augo kvile

Godt sagt! (2) Varsle Svar

LATA REGNET PUSTA

I

halda fast
ved det som finst
for det som finst
har også det som har vore
i seg

og lata vinden blåsa
og lata regnet pusta så stille
som berre lukka kan pusta
ein roleg dag om hausten
då pærene er mogne nok
til å plukkast
og fjorden er blå nok
til at fisk kan fiskast

II

eit ròte bord i husveggen må skiftast
ei takpanne må festast
og det er langt ned til bakken

ei røyst seier at eit barnebarn
fyller år og skal feirast

(for far min)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Jamne bølgjer

kjærasten min har gøymt seg bort
og er ein annan stad
men den lette vinden
og dei jamne bølgjene
på den blåe sjøen
er som kjærasten min

også dei grøne greinene
i jamn rørsle
att og fram
er som kjærasten min

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Stein til stein

I
mjukskap
og noko anna
kanskje ein hardleik
vanskeleg å skilja frå mjukskap
kanskje ein vilje
vanskeleg å skilja frå lydnad

og sand
berre sand
alt augo kan sjå er sand
før ein stein kan sjåast
og gjev augo kvile

II
elva er den same gamle
eg har sett ho slik så ofte før
ho pustar som før
ho rører seg som før
og eg går over henne
frå stein til stein

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Båt

båten ligg så roleg
på den blanke sjøen
så stolt i sin tause byrgskap

og så å gå om bord
og så å løysa fortøyinga og
taust
leggja ut

Og siga langsmed landet
medan bakkane og trea andar jamnt
og himmelen stryk håret

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Raude lauv

lik raude lauv
som atter vert grøne
lik brune lauv
som vinkar i vinden
og kviler på jorda
kviler i jorda
før dei atter er der
grøne
og byrge
i sin uskjønelege byrgskap
som heng så trygt
i vind
i sol
i regn

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eit barns augo

Eit barns augo
ser og ser ikkje
ut i morgonen

men ser så ein dag koma
som har så uendes mange timar

ser eit liv
med så uendes mange år

og ser at alt er til å skjøna
og at ingenting kan skjønast for alt
er snø
er regn
er vind
og alt er stjerner
på himmelen
der den store månen lyser gult
og er som handa til ein far

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Harald KBeathe Solbergandreas h. o.TheaIngrid HilmerIngvild SLise MuntheTonesen81Hilde Merete GjessingBjørg  FrøysaaHelge-Mikal HartvedtKirsten LundRune U. FurbergLilleviIngunn SBjørn SturødCarine OlsrødTralteHanne Kvernmo RyeOleAlice NordliLene AndresenAmanda AJulie StensethSynnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadAvamgeBertyKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GPiippokatta