Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Og om me går ut frå det som folk i byane no for tida trur, at lukka ligg i det å få kjøpt så mykje i butikkane og varehusa at mennesket vert utan eigendom inne i seg, at lukka ligg i å vera fri til å velja seg alt det som fell ein inn i livet, som om verda skulle vera ein altfemnande restaurant, er ikkje det ein dom over alle tidlegare generasjonar som ikkje fekk leva slik? Og er då lukke og livsinnhald noko sprettande nytt som byfolket i vår tid har funne opp, og alt framfare liv her til lands og i røynda storparten av alt liv gjennom tidene, utan meining og lukke?
Det er utruleg kulturfattig, det ein ser i heimane no til dags, der tinga er henta frå ulike kantar av verda, ofte utan at folk veit noko om opphavet. Og kva er så skilnaden på ein heimelaga ting og den frå fabrikken? Den eine har sjel og den andre ikkje, for den som skapar ein ting med eigne hender, lèt etter seg noko av seg sjølv i det han lagar.
Det kunne vel kanskje vera bra nok å bu i ein by, om berre ikkje så mange vart keidsame av å bu der. Til og med endene, som får alt opp i nebben på seg, misser glansen og personlegdomen sin.
Det som heldt meg på føtene, var buskapen, det vil eg hevda, mi kjære, og ingen er einsam som har gjort islandsk fe til sine nære vener - kva slag det enn måtte vera.
Eg hugsa tidene da bøndene tenkte sjølve og var usamde med eksistensialismen sørfrå i verda: at livet skulle vera fåfengt, slik som når en mann velter stein opp til fjells, berre for at steinen skal rulla ned att så mannen må byrja å rulle han opp på ny.
Dette er rein vitløyse, sa han gamle Gisle på Løkjum. Såleis kunne det ikkje vera, berre. Menneskenatura var snarare slik at ein velte steinen opp på fjellet og lødde mindre steinar rundt han, slik at det vart ein staseleg varde. Mennesket ville gjera minnesmerke over arbeidet sitt.
Gud hjelpe mannen, så grunne tankar som han har.
Sjølvsagt er det slarv og misunning her og all slags vitløyse som høyrer til menneskeslekta. Men dette same folket låner deg traktordekk når det røyner på.
Det verste med den djupaste lidinga er at ho er usynleg for alle andre enn den som har henne i seg.
Elska vere alt som set seg ned, og elska vere menneskeleg godvilje.
Eg sa til sauene at eg elska ei kvinne. Dei såg på meg med undring i augo.