Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 2 av 2 sitater

For kva song kan finnast som er meir hugnadleg enn ein tale framført sømeleg og utan overdriving? Kva for dikt synest meir velbygd enn ei kunstfullt avrunda setningsrekkje? Kva for skodespelar verkar meir hugnadsam når han framstiller sanninga, enn ein talar gjer når han hevdar henne? Kva er meir smakfullt enn råkande fyndord som fylgjer på rekkje og rad? Kva ovundrar vi meir enn det å kasta lys over ei sak med glitrande ordlegging? Kva er meir fullenda enn ein tale der alle ting er gjevne att i fullt mål? For det finst ingenting som ikkje er eit emne for talaren, så framt det då fortener å uttrykkjast fagert og kraftfullt.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Om ein talar derimot blir kritisert for ein feil, meiner ein den kjem av dumskap. Og for dumskap finst det inga orsaking, for at einkvan har vore dum, blir ikkje orsaka med at han hadde 'vondt i magen' eller at han 'var i det lunet'. Som talarar må vi tola ein hardare dom. Kvar gong vi tek ordet, blir vi dømde. Ein held ikkje nokon for ukunnig i scenekunst sjølv om han ein gong har gjort feil, men ein talar som har vorte kritisert, han held ein for tungnæm, anten for evig og alltid, eller i alle høve for ei lang tid.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Monica CarlsenPiippokattaAlice NordliTanteMamieLailaReidun SvensliKirsten LundHilde AasnurreBente NogvaEileen BørresenStein KippersundTone HSigrid Blytt TøsdalNinaGro-Anita RoenJohn LarsenLars MæhlumIngvild SSigrid NygaardMartinCatharinaFindusKent Ivar Aasten OlsenEvaHilde H HelsethAnneWangCecilie EllefsenritaolineLena Risvik PaulsenRisRosOgKlagingIngunn SEivind  VaksvikRufsetufsaTorill RevheimHarald KVegardSynnøve H HoelLene AndresenMorten Jensen