Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 4 av 4 sitater

EG SER DEG

Du spør om håret ditt ligg fint
Om kleda dine passar
Om du har lagt på deg kanskje
Om du er god nok

Kvifor spør du om slikt?
For meg er du alltid vakker
Eg ser deg ikkje med augo
men med hjartet!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

EIT LIV HAR SÅ MANGE DAGAR

Eg likar vera vaken når alle søv
Lytta til natten
Kjenna livet som bur i meg
Saknet og kjærleiken
Ofte desse saman
Eg likar å sjå utover vatnet
Sjå tretoppane møta himmelen
Eit liv har mange dagar
Ein kan ikkje velja kva ein får
Berre kva ein gjer med det
Gråten høyrer livet til
Eg famnar han saman med
gledene eg plukka gjennom dagen

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Akkurat no

Ver eit ekstra hudlag for meg i dag
Eg frys
Ver ei hand eg kan halda om
dette stykket veg
Eg treng deg
At du er her
Eg treng ingen store ord
Eg treng ingen haltande lovnad
Eg treng ikkje trøyst
Men at du tåler meg slik eg er
akkurat no!

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Eg er stille i dag Det såre er opna Eg slår saknet om meg og kryp inn i einsemda Her må eg få kvila aleine ei lita stund Eg kjem tilbake om litt Men no er eg her

Tål meg slik Også dette er ein del av livet!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Terje N AbuslandHilde Merete GjessingHenrik  Holtvedt AndersenKirsten LundBjørg L.Amanda AAvamgeGodemineReadninggirl30Lisbeth Marie UvaagAstrid Terese Bjorland SkjeggerudVannflaskePiippokattaTore HalsaLinda NyrudKjell PTore OlsenCamillaSiw ThorbjørnsenReidun SvensliAnn ChristinLise MuntheDemeterBerit RAstrid SæverhagenHilde MjelvaConnieBjørn SturødTheaHarald KBeathe Solbergandreas h. o.Ingrid HilmerIngvild STonesen81Bjørg  FrøysaaHelge-Mikal HartvedtRune U. FurbergLillevi