Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 5 av 5 sitater

Av og til er det slik, når ein les, at enkelte setningar treffer ein og slår ein ut. Det er som om dei seier alt ein nokonsinne har prøvt å seie, eller prøvt å få til, eller alt ein rett og slett er.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Han tenkte på namn som store, tunge lasteskip som sklei omkring på dei store hava i verdsmørkret, han tenkte på menneske som store, tunge lasteskip som sklei omkring på dei store hava i verdsmørkret utan moglegheit for å møtast anna enn i kollisjonar eller ved å fløyte på kvarandre på god avstand.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ho elskar han, han elskar ikkje henne, eg vil ikkje berre ha sex! tenker Mona Lisa, det er ikkje slik det er med meg, ho er ikkje ei moderne og frigjort kvinne, ho vil berre bli elska.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det ville vere flaut om han forstod at slike kommentarar frå han gjer meg glad på ein heilt bestemt og håpefull måte. Det ville vere flaut om han forstod at eg er forelska i ham.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Han tenkte at han gjerne skulle kysse henne i all denne vinden. Og kysset skulle vere som langt hår i vinden, eller som langt gras i vinden skulle der vere, og det skulle suge dei fast til jordoverflata sjølv om det heile tida rykte i dei og ville ha dei til å fyke bort.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

ConnieEli HagelundPer LundKjersti SJulie StensethTor-Arne JensenStig TTone SundlandAnn ChristinPiippokattaVidar RingstrømGunillaRandiAMorten MüllerTorill RevheimMarianne AugustasiljehusmorSynnøve H HoelJBHarald KVariosaAvaInger-LiseHelena EAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBeate KristinAlice NordliHanne Kvernmo RyeTone HKirsten LundNina M. Haugan FinnsonRisRosOgKlagingRuneFrode TangenJohn LarsenTor Arne DahlPirelliTurid KjendlieIngeborg GHeidi L