Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 13 sitater

Du skal vera mi stjerne Herre

over dimme hav
over djupe dalar
og øydemarker

eg går i geislen din
og ein gong vil geislen din verta til ein gullstige
der eg går opp med fagnande steg

(Ragnhildur Ófeigsdóttir)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Vi bar ikkje kjærleiken vår på torg
men han var underleg
og vakker
og djup

Vi nemde ikkje kjærleiken vår
men han var verkeleg
utanom målarens fargeområde
utanom folks tale

Men ein morgen
var vi ikkje meir.

Berre fargar
og ord.

(Eit lite dikt - Vilmundur Gylfason)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg er det urørde instrumentet,
som ligg ved føtene dine
i graset mellom blomane
som græt dogg på strengene mine
når soli renn,
bøyer kronene sine over meg
når det kveldar.
Her ventar eg ved døri di
så du kan finna meg.

Eg ventar på at du fyrst av alle
skal røra meg.
Den tonen som vert liv av fingrane dine
vil sidan klinge og leva i all æve.

I vengehavet til småfuglen vil han syngja,
i havbylgja vil han le,
langt, langt borte frå heimstaden vår,
der ingen anar
at det er på grunn av dég.

(Det urørde instrumentet - Jón Ûr Vör)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg såg ein gamal trøytt mann
sitja ved havet
og lyda til songen
frå fiskarane på veg til bankane.
I augo hans var lengt
etter den vide synsrandi
til den som ror aleine på havet.
Han sat der og tårene hans
var bøner til gud
om å taka han over det store havet,
der han kunne kasta alderdomen
og atter dra ut på bankane.

(Lengt - Þórunn Magnea Magnúsdóttir)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

I den evige straumsusen frå elvi
høyrer eg vatnet kviskra
avgrunnsdjupe ord
ein sylvblå flaum syng
med svalande røyst
[...]

(Fra Ved elvi - Ögmundur Helgason)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Over dei vørdelege fjelli
kviler eit reint og kvitt
einfelde
kviler lette slør
av ljos og skugge
kviler venleik.

Venleik
som løyser or lenkjer
den fanga hugen din
lyfter han til flóg
høgare og høgare
i leiting
etter livgjevaren sin.

(Dikt - Þuríður Guðmundsdóttir)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Togn i vinden
titrande strå

ei ørstutt stund
vert aning til visse

men eigne
andedrag
fyller ditt
medvit

vissa vert
på ny til aning

(Gud - Birgir Sigurðsson)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kor lenge kan eg lovsyngja desse fjelli
lovsyngja dette havet, desse øyane og strendene
ja menneske og alle ting som gled hugen min

kor lenge, utan den vissa at eitkvart er til
ovanfor kvar stad, kvar røynsle og tanke
eitkvart som spelar desse fjelli fram, dette havet,
fråstand og nærleik, alt liv og daude

spelar det fram for augo mine med trygg hand?

(Omkverve - Hannes Pétursson)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kom han i dunlett sky
utanfrå himmelblåmen
eller or ein kvit eim
som lyfte seg frå den våtsame moldi?
kanskje var han i nattebrisen
som var varmare enn i går?

Eg veit det ikke
dette skjedde i natt
medan eg sov.

[...] Det var våren som kom.

(Fra Under - Vilborg Dagbjartsdóttir)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ei natt kjem skogtrastane
for å sanke raunebær av trei
før dei legg av stad i langferd over havet,
men det er ikkje dei som kjem med hausten
det gjer små born med skulevesker.

(No haustar det - Vilborg Dagbjartsdóttir)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Astrid Terese Bjorland SkjeggerudAnne-Stine Ruud HusevågEgil StangelandHarald KRune U. FurbergPrunellaToveGodemineG LTone Maria JonassenAvaVibekeKirsten LundMorten MüllerPer LundBookiacSynnøve H HoelSolDolly DuckPiippokattaAkima MontgomeryMonica CarlsenLilleviHarald AndersenCecilie69Sigrid NygaardRonnySigmundJoannLinnMonica  SkybakmoenMorten JensenEivind  VaksvikLailaHelen SkogTrude JensenSolveigReidun SvensliIngunn SReadninggirl30