Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 5 av 5 sitater

HUDSKRIFT

Eg mel tyttebæret sund
mellom tunga og ganen
og matar deg med munnen
Eg riv blåbærlyng opp med rot
og skriv dikt over den kvite kroppen din
Når du speglar deg
kan du ikkje lese dette
Når du kler deg naken
kan eg lese deg

Godt sagt! (3) Varsle Svar

GJER DEG MJUK
Seint om kvelden
Det er berre deg og snøen
og snøen ligg heilt avslappa og ventar
Gøymt og gløymt er stokk og stein

Du er varm nok no
Kle deg naken
gjer deg mjuk
legg deg ned

Godt sagt! (2) Varsle Svar

FOLKEVISE

Korleis lear jentene på seg?

Dei lear seg slik

at dei galne blir friske

Dei lear seg slik

at dei friske blir galne

Dei lear seg slik at månen går opp

og ned

tre gongar kvar natt

og tømer månekvitt over alle hav

Godt sagt! (2) Varsle Svar

BARNEGRÅT

Eg kom inn på rommet til mor mi

leita etter fotografiet av meg sjølv

Skjenken var dekt av små og store bilde

og nye andlet dukka heile tida opp

Du har så mange

men berre eg er meg

hulka eg

Godt sagt! (1) Varsle Svar

SAUM

Kvar morgon blir skogen sydd saman

av mørke barnåler

og lyse trådar av fuglekvitter

Gjer deg mjuk

Smyg deg inn

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Vidar KruminsLilleviPiippokattaINA TORNESsveinBjørg L.AvaFrode Øglænd  MalminJoakimVibekeKirsten LundIreneleserTove Obrestad WøienBeathe SolbergWenche VargasJulie StensethAnne-Stine Ruud HusevågToveAnneWangFriskusenSigrid Blytt TøsdalStig TEvaNorahDolly DuckKarin  JensenKatrinGKjell F TislevollJan-Olav SelforsChristofferHeidi BG LHarald KHanneRisRosOgKlagingHilde H HelsethEmil ChristiansenTraltemay britt FagertveitMarte