Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
http://www.youtube.com/watch?v=0oSQfppwQvY&feature=share
"livet skal ikkje gå opp,
det skal levast"
livet skal ikkje gå opp,
det skal levast.
INDRE MINNEBOK
Eg har ei indre minnebok
Menneske eg har møtt på
livsvegen
Små bilde av
det vi har delt
Når vi møtes
kanskje tilfeldig
eller i all hast
er varmen der
og gleda
Vi bur i eit lunt hjørne
i hjarto til kvarandre
Det blir ikkje borte
det gode som var
Bente Bratlund
Eit hjarte
Det er godt å kunna
sjå tilbake på
dei ein har elska
og enno kjenna varmen
frå gode famntak
Elden brann ut
Det brast i det skjøre
Men det er godt
å kunne hugsa
den gong vi lutte
mot kvarandre og
enno var nære
Eit hjarte er stort nok
til mange kjærleikar
Eg teiknar
Eg teiknar eit
dikt
i dogga på
vindaugsruta
Eg ser på
den kvite runde
månen
Kan eit liv romma
både ei stor sorg
og ei stor glede
i same natta
Eg teiknar
namnet ditt
bokstav for
bokstav
Til Tor første barnebarn, min prinsesse Mia.
ALT ER DITT
Vesle prinsesse søv no, Ho eg ville kruna med glede Augnevippene som små vifter mot kinnet Den butte handa roleg mot brystet
Ho søv no prinsessa Ho som dagen lang har utforska livet som nysgjerrig og vaken har møtt kvart sekund Så mykje nytt, Så mykje uprøvd
Å vesle prinsesse alt er ditt til å fanga Så sov no mot ein ny dag Vi vakar rundt deg vi som elskar
Skrevet av Bente Bratlund i boken "Livet er så nært"