Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Ved sida av smaken er det ofte kor luftig kaka er, som avgjer om ho er vellukka eller ikkje. Med andre ord er det volumet av ikkje-kake i kaka som er avgjerande. Di meir ikkje-kake som er til stades, di betre er kvaliteten. Dette gjeld opp til eit visst punkt. Dersom eksistensen av ikkje-kake overstig dette punktet, entrar komikken rommet, og det er på ingen måte bra. Komikk er det ingen som ha vil når det gjeld kaker. [...] Ingen som lagar kaker, vil vita noko av komikk kopla til kakene dei har laga.
Ho var veldig i tvil. Om ho gav bort heile, hadde ho berre eitt igjen. Korleis skulle det gå? Ville ho klara seg med berre eitt? Dessutan var det uklårt kva gulrota skulle med det. Ho var på nippet til å spørja, men kjende at det var upassande. Ein kan ikkje spørja om slikt, tenkte ho. Anten gir ein, eller så let ein det vera. Om ein gir, har ein ikkje noko med korleis det ein gir, blir nytta. Kan det bli nytta på eit vis som eg ikkje ville setja pris på? Svaret på det er definitivt nei. Slik sett er alt klårt som dagen. Alle korta ligg på bordet. Eg treng ikkje tvila lenger. Gir ein noko, gir ein samstudes tillit. Tar ein imot, tar ein samstudes imot tillit. I den hendinga der ein tar imot tillit og noko anna, gir ein tillit tilbake. Stiller ein spørsmål under eller etter overrekkinga, stiller ein spørsmål til tilliten. Og om ein stiller spørsmål til tilliten, er ikkje tilliten der lenger. Nei, det er på alle vis upassande å stilla spørsmål.