Potettjuven.
Han Lars With i Leikvika kunne sette fast tjuven. Ein gong var han borte hos naboen eit ærend, men ville ikkje gi seg tid til å drikke kaffi. "Eg har ein kar ståande oppe i kjellaren, han skulle visst hente seg ei bøtte potet mens eg var borte som snarast", sa Lars. "Men no har han stått der lenge nok, og noen poteta kan han no alltid få".
Så gjekk han Lars heim og inn i kjellaren. "No stakkar, står du her", sa han. Så løyste han mannen og gav han ei bøtte poteter, men skjente ikkje på han, for det skulle ein aldri gjere når tjuven hadde stått fast. Han hadde fått straff nok, heitte det.