Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 1 av 1 sitater

Arvid Hanssen 1932-1998 Då august gjekk inn flaug eit budskap med sorg over Nord-Norge. Arvid Hanssen var ikkje lenger mellom oss. Den 31.juli glei han bort for godt. Men han vil leve lenge mellom oss.

Det var så uverkelig at han var borte. Han var eit fast punkt i nordnorsk dikting i nordnorsk kultur og for oss - venner, kollegaer, kjende.

Han hørte folket i landsdelen til. Han hørte heile landet til. Så store ord låg ikkje for han, den smålåtne diktaren som fikk så mange prisar for si dikting. Men den største prisen var nok dette at det nordnorske folket tok imot han.

Han var Nord-Norges største diktar gjennom dei siste 30 åra. Ja, poesien hans gjør han til ein av dei fremste nordnorske diktarar til alle tider. Han fann tonen i sitt eige språk vårt språk. Han bygde på det, dyrka det i poesien og sendte det ut til oss i diktargeniets foredla form.

Arvid diktaren med det varme hjertet som banka for de svake de hjelpelause på Senja i Norge i verden. Utgangpunktet var lokalt. Engasjementet var globalt.

Gråmåsen flaug bort. Gråmåsen med den vakre songen gjennom vinter og vår gjennom sommar og haust. Songen, diktet, minnet vil aldri døy så lenge folk les poesi.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Tor-Arne JensenHarald AndersenTine Sundalanniken sandvikBirkaHildeAnniken RøilHanne Kvernmo RyesomniferumSt. YngheadHarald KBente L.Egil StangelandKristine LouisesiljehusmorStig TTerje MathisenmgeRandiSraDevoralibrosTove Obrestad WøienDinaKirsten LundCarine OlsrødReadninggirl30TanteMamieLilleviIvar SandGrete AastorpgretemorAlex NietoIngunn SBård StøreTonesen81PiippokattaDemeterVannflaskeBjørg RistvedtVanja SolemdalPirelli