Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 2 av 2 sitater

Kva er det med oss
når du vaker og eg vaker,
mellom reir av dyner, tyngdekraft
og uventa kjensler.

Lufta er spent av glede og dun,
snø har dekka marker og tak
utan at vi merka det,
utan at vi stansa og fall ned.

Kva er det med oss
når du vaker og eg vaker.
Det er så lyst når
snøen fell kring oss,
held fram i all snø.
Vil gøyma denne forma for alltid.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Når lærte vi om kjærleik?
Var det mors babykyss,
fars varme arm, og
glimtet i blikket
då han greip etter mor?

Var det Lady og landstykaren
eller Maria i Sound of Music?

Kjærleiken som sprang opp i åsane
og vann kvar ufattelege kamp

fram til sigeren mot toppane. Fjella
og bilda,
medan tonane frå Edelwiss
voks like inn i himmelen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

JoakimMorten BolstadKjell F Tislevollingar hPiippokattaHeidi LBjørg L.Egil StangelandLinda NyrudAnneWangJulie StensethLilleviAstrid Terese Bjorland SkjeggerudDemeterOdd HebækAnn-ElinHelena EAnniken RøilAvaChristofferBenedikteTralteMorten MüllerKirsten LundEvaMonica CarlsenmarvikkisMorten JensenDaffy EnglundToveMads Leonard HolvikBertyAlexandra Maria Gressum-KemppiTanteMamieVannflaskeTove Obrestad WøienElisabeth SveeSynnøve H HoelGodemineHeidi Holtan