Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 5 av 5 sitater

Å dansa og smila.
Det er gode greier
som ein kropp kan forstå.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Musikk er å snakke utan ord.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ho har den harde klumpen inni seg. Den er inni henne når ho går heim frå skulen. Det er ingen ord i den. Det er som om den ligg inni ei boble av vatn. Når ho kjem borti den bobla, renn vatnet ut av augo hennar.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Det må vera noko gale med meg, tenkjer Tyra. Noko eg ikkje ser sjølv. Kanskje eg luktar annleis? Kanskje eg har ein rar rygg? Kanskje eg sender frå meg ei slags stråling som dei andre ikkje likar? Eller kanskje det bare er det at eg er så lei meg? At eg aldri veit kva eg skal seie når dei andre snakkar og ler.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

At det finst ein gråt inne i ein. Ein gråt som kan sova der. Og ikkje vakna. Om ein får vera i fred. Om ein får gjera det ein skal og tenkja på det som skjer. Men straks tankane byrjar springa. Då bråkar det. Når tankane spring føre henne, og vil sjå kva som snart kjem til å henda. Snart. Seinare. Bak neste hjørne av tid. Då vaknar gråten inne i henne. Og ho kjenner at det svir i augo. At munnen skjelv. Ho vil det ikkje. Ho vil absolutt ikkje at det skal skje. Men det skjer.

Det finst song inne i henne. Når ho ser regnet falla på sølepyttane. Den runde songen. Når ho ser kveldslyset i pelsen til katten. Pelslyset. Den mjuke songen.

Tyra veit om gråt og song. Og kan leva med desse to.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Tone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilTine SundalsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H HelsethIngvild RosslundHanne Kvernmo RyeJulie StensethBeathe SolbergKirsten LundChristoffer SmedaasRandi